Nasjonalt fylkeskommunenettverk for hydrogen etablert

8 fylkeskommunar, ZERO, KS og Norsk Hydrogenforum deltok på oppstartsmøte for nytt fylkeskommunalt hydrogennettverk på Gardermoen 8. juni.

09 juni 2017

Fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Akershus har saman med Norsk Hydrogenforum (NHF) tatt initiativ til å starte eit aktivt nasjonalt fylkeskommunalt hydrogennettverk. 8 fylkeskommunar deltok på oppstartsmøte for nettverket, som har mål om å bli landsdekkande. Initiativet kom i stand etter auka samarbeid mellom NHF og dei to mest aktive hydrogen-fylkeskommunane, Akershus og Sogn og Fjordane. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet har under leiing av Sogn og Fjordane allereie koordinert seg ei viss tid og gjennomført eit utgreiingsarbeid presentert i ein fyldig muligheitsrapport for sin region. Etter dette omsøkte dei og mottok i vår 100.000 kr i Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet som ein kick-start, men har no gått saman med Norsk Hydrogenforum for å løfte dette til å gjelde for alle fylkeskommunane i landet. Utover dei 8 fylkeskommunane som deltok på opptartsmøtet, har 5 andre så langt stadfesta å slutte seg til nettverket.

Styrka nasjonalt samarbeid for kompetansebygging og koordinering

Norsk Hydrogenforum har sidan 2011 jobba aktivt med Akershus og Oslo med mange viktige demoprosjekt og infrastruktur. Men vi vil særleg trekke fram det store engasjementet som har vokse fram på Vestlandet dei siste åra, med Sogn og Fjordane og prosjektleiar Elisabet Kjerstad Bøe i spissen. Gjennom det lokale prosjektet Hydrogenregion Sogn og Fjordane tok dei initiativ til Vestlandsnettverket. Akershus fk tok også initiativ til ei kartleggande fylkessamling i fjor, og gjennom tett dialog med Norsk Hydrogenforum har ein no fått brei oppslutnad også frå dei andre fylkeskommunane. 

- Målet med nettverket er å styrka samarbeidet, til dømes om innkjøp av kollektivtenester og etablering av infrastruktur koordinert med etablering av eit strategisk nasjonalt veikart, samt å byggja kompetanse i fylkeskommunane som deltek i nettverket. Me ønskjer å koordinera offentlege regionale aktørar som kan bidra til utvikling av hydrogenbaserte verdikjeder, seier Elisabet Kjerstad Bøe i Sogn og Fjordane fk.

Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil truleg auka i åra framover, sidan det kan redusera behovet for fossil energi, til dømes innanfor transport og industri, og utnytte betre ei veksande mengde overskots fornybar energi. Hydrogen kan spela ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem. Regional kunnskapsheving er nødvendig ettersom både kommunar, næringsliv og andre offentlege etatar treng god forvaltningskunnskap på området, for å sikre effektiv teknologiimplementering.  Ettersom Enova som statleg virkemiddelaktør på støtte til hydrogenprosjekt fokuserer på såkalla marknadsmodne investeringsklare prosjektsøknader og ikkje for eksempel nettverksarbeid, har denne kompetansen vore mangelfull. Norsk Hydrogenforum vil derfor framheve den viktige rolla som fylkeskommunane no tek ansvar for, og ser derfor fram til eit fruktbart samarbeid med fylkeskommunal sektor.

 
Deltakarane på oppstartsmøtet (frå v.): Spesielt inviterte frå KS; Kjetil Bjørklund og ZERO; Liv-Elisif Kalland, Lars Fabricius, Sør-Trøndelag, Tale Halsør, Hordaland, Fredrik Eikum Solberg, Østfold, Elisabet Kjerstad Bøe, Sogn og Fjordane, Frida Christine Skjørberg, Hedmark Trafikk, Øystein Lunde, Akershus, Kristian Vik, Norsk Hydrogenforum, Bjørnar Kruse, Energiråd Innlandet (Hedmark og Oppland), Lina Jonasson, Møre og Romsdal, Stig Hvoslef, Akershus og Stian Adresen, Oppland.